Sidan 23. november 1907

Åmdal ungdomslag

Meir enn hundre år med dugnad, kultur, aktivitet og fellesskap i Åmdalen.

Fram- og langsida av Åmdal ungdomshus sett frå parkeringsplassen

Frå 1907 til i dag

Oppstarten og dei første åra

Åmdal ungdomslag vart skipa 23. november 1907. Det første året var Ivar Jonsen Bjørdal leiar. Med seg i styret hadde han Paul J. Vatne, Peder A. Bjørdalsbakke og Jon Skare. Ungdomslaget vart dette året meldt inn i Sunnmøre frilynde ungdomslag. Dei første åra var medlemstalet på 75 medlemmar. Trass den gode oppslutnaden skriv Jon Skare: ”motburden mot laget heve vore stor. Særlig frå dei Kristelige foreinigane. Men på kvart møte skriv det seg inn nye medlemmer. Så vi meiner samhugen veks både hjå gamle og unge”. Fråhaldslaget av ”Sverreordenen” vart skipa. Laget arbeidde sers godt i denne tida, songlaget var kome i gong, og det heitte i årsmeldinga at ”dei unge er sers ihuga for norskdomssaki, avholdssaki og skogplanting. Det spår godt for framtidi”.

ÅUL heldt kveldsskule med nynorsk og rekning på timeplanen. Det vart planta mykje skog med stort frammøte. Ei boksamling vart oppretta. I 1915 skriv dei at samlinga med bøker var kome opp i 44 bind der 38 av dei var på nynorsk. Boksamlinga vart flittig brukt. Eit kor vart også danna. Det var i åra 1915-1935 at laget var på topp med stor oppslutnad og mange føter å stå på.

Eige ungdomshus

I 1918 blir det første steget mot eige lokale tatt. Det blir laga eit byggefond saman med losjen. Laget brukte dei tronge lokala i kjellaren på Brautaset skule som møtelokale. Dette, og at ungdomen heller ville heller ha fest og moro, medførte at lagsinteressa var dalande i byrjinga av 1920-åra. På møte 5. september 1925 vart det sett ned ei byggenemnd. Byggarbeidet vart sett vekk til Asbjørn Barstad. Mykje av utgraving av tomta og muring vart gjort på dugnad. Ungdomshuset var klart og det vart holdt innflyttingsfest 21. desember 1928. Laget hadde endelig fått sitt eige hus!

Utover i 30-åra hadde laget stor aktivitet med lagsmøte, plante-dagar og snekkerkurs for dei unge. Dette var viktige aktivitetar for dei unge i ei meget trong tid. Det var lite arbeid å få i området desse åra. Det var svært få aktivitetar, anna enn ungdomslaget, å knytte seg til. I slutten av 30-åra vart det så dårlege tider at det 5.mai 1939 vart sett ei nemnd som skulle dele ut de meste av lagspengane til trengande på dalen. Gåvene skulle vere 10-20 kroner, og skulle delast ut der nøda var verst i øyeblikket. Om folk var medlemmer eller ikkje skulle det ikkje takast omsyn til.

Ungdomslaget hadde tradisjon i å ha skirenn i påska kvart år. Det var veksande interesse for dette på Åmdalen. Ungdomslaget var først ute på Åmdalen å organisere ski- og hopprenn. Allereie i 30-åra vart dei første skirenna haldne.

Aktivitet før og etter krigen

Krigen kom og la ungdomslaget nærmast i dvale. Det einaste arrangementet som gjekk som vanleg desse åra var juletrefesten. Pga den lave aktiviteten fekk ungdomslaget seg ein stor knekk. Når laget starta opp igjen etter krigen var det første tida dårleg oppmøte. I slutten av 40-åra vart det igjen stor aktivitet i laget. Ein arrangerte dansar og endatil kinoframsyningar.

I 50-åra var det fortsatt god aktivitet, bl.a. dansar av forskjellige slag og medlemsmøter med flittig bruk av lagsblad. Det var også mannskor og blandakor i ungdomslaget denne tida. Teater var mykje brukt som underholdning på lagsmøta.

I 1953 vart det heldt kurs i rekneskap for åmdalingar av Ørsta liknigsnemd. Seinare dette året vart de innleia til samtaler om å få kjøpe grunnen til ungdomshuset. Laurits Vassend ga ungdomslaget eit tilbod som vart avslått av lagets medlemmer. Sommaren -53 vart det halde dans på huset med stor oppsluttnad. Det vart nok litt i de meste laget med liv på denne festen, då lensmannen til slutt kom for å avslutte festen. Dette vart starten på ei trasig tid for ungdomslaget. Ungdomslaget havna i rettsak der dei skulle bli framstilt for brot på bygslekontrakta. Dette kunna blitt slutten på ungdomshuset, men laget fekk medhald i retten.

I slutten av 50-åra og utover i 60-åra var det ofte dansar. Som oftast var det Lødemels som spelte. Det var også lagsmøter, basarar, leikarring og forskjellige aktivitetar.

Utbygging og revytid

Laget fekk ikkje nokon skikkelig oppsving etter krigen før i 70-åra. Då vart det haldt gamaldanskurs og leikarringkurs. Aktiviteten vart aukande. Laget lånte pengar til å bygge ny inngang og toalett i kjellaren. Ungdomshuset fekk innlagt vatn og kunne rive utedoen, det var eit stor framskritt. Etterkvart vart huset for lite og det vart begynt å grave ut kjellar under salen for å få møterom og lager.

I 1976 var ungdomslaget med på å holde landstemne saman med mange av dei andre ungdomslaga i området.

I begyndelsen av 80 åra starta det som vi kan kalle revytida i ungdomslaget. Det vart laga fleire revyar og kabaretar. Blant anna ”Så lenge skutan kan gå“ av Evert Taube, og ”Edith Piaff”. Både kabaretane og revyane hadde stor oppslutnad og gav godt med pengar til laget.

Ungdomshuset skulle nok ein gong vise seg å vere for lite, og planar om påbygg vart diskutert utover 80-talet. På slutten av 80-talet vart det bestemt at huset skulle byggast på. I 1991 kunne ein ta i bruk nytt kjøkken og møtesal i kjellaren.

Fornying og ny giv

På slutten av 90-talet gikk aktiviteten i laget dramatisk ned. Laget hadde framleis revyar. I 1996 lagde dei revyen Bygdesveip. Dette vart den mestselgande revyen so langt. Pengane såg ein atte i mellom anna grillparken. Men pengane vart nok også ei sovepute, når også folket var leide vart det vanskelig å drive.

I 2000 Vart det sett opp revy igjenn. Pengane kom godt med og det vart det bestemt at opppussing av ungdomshuset var det som måtte til for å få aktivitet i laget. Nytt golv i salen vart lagt. Det bringa litt meir aktivitet i huset. Linedans vart bl.a. ein aktivitet som skaffa litt medlemmer.

Utover 2000 talet brukt styret i laget mykje tid på vannskader og innbrot. Dette medførte mykje oppussing og ein ny dugnadsgjeng tok over laget.

Til 100 års markeringa i 2007 vart det lagt ned mykje arbeid i å oppgradere sanitæranlegg og kjellaren i huset. Utover 2000 og 2010 talet har huset stadig blitt oppdatert teknisk og utsjånadsmessig. Det vart sett opp revy med nye krefter i 2009, denne gangen vart den ikkje sett opp på samfunnshuset i Ørsta. Tanken var å spare pengar, og det gjore ein. Men bøsøkstala vart ikkje like gode. I 2014 vart det satt opp ny revy. Grense Åmdalselv, denne gangen på Ørsta Kulturhus. Grunna stadig oppdateringar på det tekniske anlegget kunne laget denne gongen halde seg sjølv med lyd og lys. Dette sparte ein mykje på, og når revyen vart ein publikumsfavoritt vart overskotet solid! Det beste nokon gong. Pengane vart investert i huset i ytterligare oppgraderingar. I 2024 tok laget si hittil største investering og bytta heile kjøkkenet. Dette var eit kjempeløft, men med gode sammarbeidspartnar og dyktige folk i dugnadsgjengen fekk ein eit kjempe kjøkken. I 2026 vart kjellarlokalet tilpassa som ungdomslokale og heile huset framstår no som velholdt. Økonomien i laget er god og utleiga er god.