Bli med
Medlemskap
Bli medlem i Åmdal Ungdomslag og bidra til å gi liv til bygda.
Samhald og gode opplevingar
Åmdal Ungdomslag arrangerer samlingar for born, ungdom og vaksne i bygda. Aktivitetane er med på å knyte samhald, skape nye vennskap og gi gode minne og opplevingar for dei som bur i området.
For at laget skal kunne halde fram med dette, er vi avhengige av inntekter frå medlemskontingentar. Dess fleire registrerte medlemmar laget har, dess meir kan laget òg få i støtte frå private og statlege støtteordningar.
Fordelar ved medlemskap
- Medlemspris på leige av kjellaren: 450 kr.
- Billigare inngang på bestemte arrangement.
- Du støttar arbeidet til ungdomslaget.
- Medlemsfordelar via Noregs Ungdomslag.
Eit medlemskap i ungdomslaget forpliktar ikkje til noko. Hjelpande hender i samband med dugnader og arrangement kjem godt med, men det er heilt frivillig.
Prislista frå 09.10.2026
Prisar for medlemskap
Vel medlemskap etter alder og om du ønskjer å bli registrert i Noregs Ungdomslag.
Familiemedlemskap
500 krFor familien.
Vaksenmedlemskap
250 krOver 26 år · blir innmeld som medlem i Noregs Ungdomslag.
Barnemedlemskap
150 krUnder 26 år.
Støttemedlemskap
250 krVaksen · merk betalinga som gåve. Du blir ikkje innmeld i Noregs Ungdomslag.
Medlemskap i Noregs Ungdomslag
Medlemssystemet til Noregs Ungdomslag er basert på alder. Dette gjer at laget ønskjer flest mogleg medlemmar under 26 år.
Personar over 26 år som ønskjer å støtte Åmdal Ungdomslag utan å bli innmelde i Noregs Ungdomslag, merkar betalinga som gåve. Dersom du ønskjer å vere medlem i Noregs Ungdomslag, merkar du betalinga som medlemskap.
