Tradisjonar og festar
Pinsemarknad, påskedans, skalkefest og juletrefest er mellom arrangementa som har samla folk på Åmdal Ungdomshus.
Fellesskap gjennom året
Åmdal Ungdomslag skaper møteplassar og opplevingar for born, ungdom og vaksne i bygda.
Dette bruker vi å arrangere
Programmet varierer frå år til år, men laget har lange tradisjonar for både festar, marknader, kulturtilbod og aktivitetar for born og unge.
Pinsemarknad, påskedans, skalkefest og juletrefest er mellom arrangementa som har samla folk på Åmdal Ungdomshus.
Ungdomsklubb, spelekveldar, disco og eigne Halloween-arrangement har gitt born og unge trygge og sosiale møteplassar.
Bingo og familiebingo, swingkurs og plateslepp viser noko av breidda i dei sosiale og kulturelle arrangementa.
Dugnad er ein viktig del av fellesskapet rundt laget og ungdomshuset. Laget har òg arrangert aktivitetar som kassebilløp.
Dette er døme på arrangement Åmdal Ungdomslag har stått bak. Nokre kjem att, medan andre blir til når gode idear og frivillige krefter finn kvarandre.
Har du lyst til å delta eller bidra, kan du lese om medlemskap eller ta kontakt med ungdomslaget.