Huset ved Vatnevatnet

Åmdal ungdomshus

Eit tradisjonsrikt forsamlingshus med storsal, kjellar, kjøkken og grillpark.

Åmdal ungdomshus og Grillparken sett frå grasbakken

Om huset

Ungdomshuset ligg ved enden av Vatnevatnet. Huset vart bygd i 1927-28, og fekk i 1991 eit større kjøkken og inngang tilpassa rørslehemma. I starten på 2000 talet starta det ei større vøling av huset med nye golv på hoved etg, nye toalett og garderobe i kjellaren. Vidare utover 2010 og til dags dato er det stadige oppussingar og påkostningar på huset. I 2024 vart heile kjøkkenet fornya og pussa opp og i 2026 fekk salen i kjellaren totaloppussing og tilpassing som ungdomslokale.

Åmdal ungdomshus med Grillparken framfor

Storsalen

Ca 100 kvadratmeter. Nye stolar og bord i 2026. Fast opplagt musikkanlegg og projektor på lerret med HDMI overføring. Sitteplassar ved formell middag 80-90 stk. Til kaffe og kaker 90-105 Borda er 140x70 cm Tilkost frå garderoben i kjellar, frå rullestolrampe ved kjøkken eller via trapp frå grillparken.

Storsalen i Åmdal ungdomshus med tregolv, scene og scenelys

Kjøkken

Kjøkkenet vart fornya i 2024. Her er det godt utstyrt med eige kjølerom, stort fryseskap, kombidamper, koketopp med store plater og oppvasklinje. Alt av dekketøy, serveringsutstyr, varmeplater, frityr, gryter og kokekar.

Det nye kjøkkenet i Åmdal ungdomshus

Grillparken

Grillparken vart bygd etter suksessen med revyen Bygdesveip i 1996 og fekk ny platt og rekkverk i 2017 Her er det mogleg å grille under tak, og området har eigen danseplatting og fleire utebord. ÅUL har telt som dekker heile platten, dette kan settast opp mot ekstra kostnad.

Grillhuset med benkar og grøntområde

Garderobe

Garderoben vart bygd om i 2007. Toaletta vart utvida og flytta, og den gamle billettluka vart fjerna. Området har tre kvinnetoalett, eitt herretoalett og éin pissoar.

Det vart lagt varmekablar og flisgolv på toaletta og i garderoben. Området har knaggar til klede, plass til billettsal, brannslange og brannalarmsentral.

Garderoben i Åmdal ungdomshus med knaggrekkjer, trepanel og flisgolv

Kafeen

Ca 30 kvadrat. Tilkomst via storsalen og via rullestolrampe med eigen inngong. Brukast oftast til matservering og samlingsrom. Kan leigast seperat til td møter, kurs etc. Har opplegg med storskjerm på vegg, HDMI, nettverk og straum frå golvboksar til skjerm. Har eige HCWC og tilkost til kjøkkenet.

Kafeen i Åmdal ungdomshus med bord, stolar, serveringsdisk og inngang til kjøkkenet

Kjellarsal

Kjellaren vart oppussa i 2026. her er innreida som fast ungdomslokale. Diskolys i taket, fast opplagt lydanlegg, Storskjerm på vegg med HDMI overføring. Airhockey og billiardbord samt sofagruppe.